Overlege – spesialist i barne- og ungdomspsykiatri

Helse Møre og Romsdal HF
Published
2024-08-19
Location
Ålesund, Norway
Category
Job Type
Fulltid  

Description

Sjå her!

Vi er på jakt etter dyktige og engasjerte spesialistar i barne- og ungdomspsykiatri, med evne til å jobbe både sjølvstendig og i team. Vi ser etter deg som innehar ein høg fagleg standard og gode relasjonelle ferdigheiter. Du er fleksibel, strukturert og initiativrik. Hos oss blir du del av eit fagleg godt fellesskap, og vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i eit trivelig arbeidsmiljø, for deg som har lyst til å arbeide med barn og ungdom med ulike psykiske lidingar. Om du brenn for eit spesielt fagfelt og ønskjer å fordjupe deg i dette, vil vi leggje til rette for det. Dette gjeld også om du er interessert i klinikk-nær forsking. Om dette høyres ut som noko for deg, så er du hjarteleg velkomen til å søkje på stilling hos oss.

Vi har ledig 2 overlegestillingar for spesialist i barne- og ungdomspsykiatri ved akutt- og utgreiiningseininga vår i Ålesund. Oppstart etter avtale.

Akutt- og utgreiingseininga vår, er saman med dei 4 poliklinikkane i fylket og familieeininga i Molde, det som utgjer psykisk helsevern for barn og ungdom.

Akutt- og utgreiingseininga i Ålesund, har 10 sengeplassar fordelt på 8 plassar for øyeblikkeleg hjelp og 2 intermediære plassar og er eit tilbod for heile Møre og Romsdal. Vi er samlokalisert med poliklinikken i Ålesund og arbeider for eit felles fagmiljø. Ein kan også få oppgåver knytta til poliklinikken.

Vi tek imot pasientar med alvorlige psykiske lidingar, både til frivillig innlegging og til tvungen psykisk helsevern. Behandlinga blir individuelt tilrettelagt, der kvar pasient sitt behov er i fokus gjennom miljøterapeutisk tilnærming og individuell kontakt med behandlingsansvarleg (lege/psykolog).

Arbeidsdagane på eininga er varierte, både i forhold til arbeidsoppgåver og arbeidsmengde, og vi kan ha rolegare periodar der ein har rom for fagleg utvikling.

Teamarbeid er basisen i tilbodet på sengeposten og de vil jobbe tett saman med andre behandlarar og miljøterapeutar. I arbeidet med observasjon, utgreiing og behandling nyttar vi mellom anna miljøterapi, samtaleterapi, foreldrearbeid, informasjon, rettleiing og samarbeidsmøter.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Arbeidsoppgåver

  • Psykiatrisk utgreiing og diagnostiske vurderingar, medisinering
  • Delta aktivt i tverrfagleg behandlingsteam
  • Rettleiing/supervisjon av LiS
  • Ta del i legemøter saman med tilsette i poliklinikken i Ålesund, og i avdelinga sine legemøter
  • Undervisning
  • Medvirke i fagleg utviklingsarbeid for å møte framtida sitt behov for helsetenester
  • Deltaking i bakvaktsordning

Kvalifikasjonar

  • Norsk spesialistgodkjenning i barne- og ungdomspsykiatri og gjerne med erfaring frå arbeid innan psykisk helsevern for barn og ungdom
  • Må mestre norsk språk, både skriftleg og muntleg
  • Søkjarar som er på slutten av sin spesialisering innan barne- og ungdomspsykiatri kan også vere aktuell for stillinga

Personlege eigenskapar

  • Evne og vilje til samarbeid og omstilling
  • Gode evner til kommunikasjon, både med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Interesse for fag- og organisasjonsutvikling, og for forbetringsarbeid
  • Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturere eigen arbeidskvardag innafor avtalt arbeidstid
  • Ha evner som lagspelar, men vere sjølvstendig nok til å stå på eigne bein når det trengs
  • Ha evne til å medvirke til eit godt arbeidsmiljø

Å vere personelg eigna vert vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Rekrutteringstillegg
  • Utvida fri til fagleg fordjupning

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Bruk
Drop files here browse files ...
Captcha

Related Jobs

Overlege – spesialist i barne- og ungdomspsykiatri
Rull til toppen
Are you sure you want to delete this file?
/