Psykiater/overlege

Helse Bergen HF
Publisert
2023-03-10
Beliggenhet
Bergen, Norway
Kategori
Stillingstype
Fulltid  

Beskrivelse

Kronstad Distriktpsykiatriske Senter (DPS) har ansvar for 3 bydelar i Bergen; Bergenhus, Årstad og Ytrebygda. Kronstad DPS er lokalisert i eit flott og moderne bygg på Danmarksplass. Vi har to store allmennpoliklinikkar og Allmennpoliklinikk 2 søker nå overlege. Overlegen vil delta i eitt av poliklinikkanes team.

Vi søker etter ein engasjert og positiv fagperson med interesse for poliklinisk arbeid, i eit stort fagmiljø med fleire overlegar og mange trivelege kollegaer! Vi er ein gjeng som har tydeleg fokus på kombinasjonen av fagleg godt arbeid og eit aktivt og sosialt arbeidsmiljø som støttar og utfordrar kvarandre i kvardagen med pasientarbeidet. Vi har ein sosialkomite som har og tar ansvar for at vi får litt utenomfagleg påfyll innimellom, og du er hjarteleg velkomen til å bidra. Vi har fokus på rettleiing, både metodespesifikk og generell. Dolores Mosquera rettleier oss 4-6 gonger i året via nett frå stua sin i Spania, der spesialistar og erfarne terapeutar tar opp komplekse pasientar som gjerne både har traumeerfaring og personlegdoms-vanskar. Gjermund Tveito rettleier heile poliklinikken 6 gonger i året, ein halv dag- på pasientar der teamet ønskjer hjelp til å forstå og behandle best mogleg. Vi har også satsa på utvikling av spesifikke metodar for behandling av PTSD dei siste åra, og skal ha rettleiing for terapeutar skolert med CT-PTSD og EMDR. Vi har halvårleg fagdagar der vi har fokus på både fag og eigenomsorg, basert på det som er nyttig og ønskjeleg for terapeutane.

Poliklinikkane tar imot tilvisingar frå fastlegar, legevakta, sjukehuset og private spesialistar. Vi samarbeider med andre delar av Kronstad DPS, som seksjon for akutte tenester, seksjon for gruppebehandling og sengepostane ved DPSet. Vi har eit godt tverrfagleg samarbeidsklima, eit godt arbeidsmljø og brei kompetanse innan ei rekke behandlingsformer. Poliklinikkane har internundervisning og det er faste legemøte kvar veke.

Oppstart etter nærare avtale.

Arbeidsoppgåver

  • Hovudoppgåver i poliklinikk vil vere vurdering, utgreiing, diagnostisering og behandling av tilviste pasientar med eit breitt spekter av ulike psykiske lidingar
  • Samarbeid med andre delar av behandlingsapparatet både internt og eksternt vil vere viktige arbeidsoppgåver. Det same gjeld samarbeid med pårørande i enkelte tilfelle, og med instansar som NAV, skule og/eller arbeidsgjevar i nokre tilfelle
  • Rettleiing for legar utan spesialistgodkjenning
  • Fagutvikling

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon
  • Psykiater
  • Klinisk erfaring innanfor ei respektivt allmennpsykiatrisk og/eller akuttpsykiatrisk teneste er ein fordel
  • Må meistre godt norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Motivasjon og interesse for arbeidsform og fagområde
  • Godt fagleg skjønn, og evne til å arbeide målretta og strukturert
  • Sjølvstendig i arbeidet, og fungere godt i team når det trengs. Dette blir vurdert som særs viktig
  • Vi jobbar tverrfagleg og den som blir tilsett må trivast med ein slik jobbkvardag
  • Vi ønsker oss kollegaer som er engasjerte og fleksible, og som og kan vera tydeleg om det trengs
  • Evne til fleksibilitet og sjølvstende
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Dei som blir tilsett må vere skikka ut frå ei samla vurdering

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Moglegheit for forsking og fagutvikling

 

Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Søk
Drop files here browse files ...
Captcha

Relaterte Jobs

Psykiater/overlege
Rull til toppen
Are you sure you want to delete this file?
/