Fastlegeheimel med kommuneoverlegefunksjon

Fitjar kommune
Publisert
2021-11-25
Beliggenhet
Fitjar, Norway
Kategori
Stillingstype
Fulltid  

Beskrivelse

Er du vår nye kommuneoverlege og fastlege?

Det er ledig fastlegeheimel i Fitjar kommune frå 1. januar 2022. Heimelen har eit listetak på 900 personar.

Heimelen er i dag knytt til Fitjar legesenter som er samlokalisert med to andre kommunale legar, der begge er fastløna.

Fitjar kommune har i dag om lag 200 dyktige medarbeidarar som gjer ein god innsats for at innbyggjarane skal he ein meiningsfull og god kvardag. Som lege hjå oss vert du med på å byggje dette laget vidare. Kommunen kan tilby varierande og spanande arbeidsoppgåver, dyktige medarbeidarar og moglegheit for fagleg utvikling. Fitjar kommune er opptatt av høg kvalitet på helsetenestene og at pasientane våre får god service. For å lykkast vidare i dette arbeidet søkjer kommunen deg som deler vår målsetnad og er ein kollega som fremjar fellesskap og samarbeid i fagmiljøet.

Fitjar er ein øykommune med om lag 3100 innbyggjarar, som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjergard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjer. Fitjar ligg sentralt i Sunnhordland, med kort avstand til Stord, Haugesund, Bergen og Stavanger.

Stillingsomtale:

  • Fastlegeoppgåver ved legesenteret.
  • Utføra samfunnsmedisinske oppgåver i samsvar med lovverk, herunder smittevernlova, folkehelselova og helse- og omsorgstenestelova.
  • Ansvarleg smittevernlege.
  • Tilsyns- og samarbeidande oppgåver innan miljøretta helsevern og folkehelsearbeid.
  • Medlem i kommunen si kriseleiing.
  • Medisinskfagleg rådgjevar for kommuneadministrasjonen vedrørande helsetenester og førebyggjande arbeid.
  • Medisinskfagleg samhandling med helsemynde, helseføretak, samarbeidskommunar og andre eksterne samarbeidspartnarar.
  • Andre samfunnsmedisinske oppgåver som vegleiing og undervisning.
  • Bistå med tilrettelegging og vegleiing for LIS1.

Fitjar kommune søkjer deg som:

  • Er offentleg godkjent lege og har norsk autorisasjon, helst med tilleggsutdanning innan samfunnsmedisin og/eller allmennmedisin.
  • Er innstilt på å delta i allmennlege- og kommuneoverlegeoppgåver i kommunen.
  • Ønskjer å bidra til ei god folkehelse i kommunen og har evne til å tenka heilheitleg og førebyggande.
  • Kan norsk eller eit nordisk språk godt både munnleg og skriftleg.
  • Har god kommunikasjonsevne med pasientar, pårørande og samarbeidspartar.
  • Har interesse for fagutvikling og vilje til tverrfagleg samarbeid.
  • Har høg arbeidskapasitet og er påliteleg.
  • Har førarkort for personbil og disponerer eigen bil.
  • Grunnleggjande brukarkunnskap til IKT-verktøy

Relevant erfaring er ein føremon og vil bli vektlagd saman med personlege eigenskapar, men nyutdanna som stettar krav til fastlegeheimel blir òg oppmoda om å søkja. Det vert lagt vekt på fagleg dyktigheit, evne til å ta sjølvstendig ansvar og vilje til fleksibilitet.

Oppgåver som tilsynslege ved sjukeheim og helsestasjon kan ved behov bli fordelt mellom legane.

Som fastlege i Fitjar kommune vil du ha plikt til å delta i akuttmedisins beredskap på dagtid med intern vaktfordeling, og i interkommunal legevakt. Legevakta er lokalisert like ved Stord sjukehus. Du må her pårekna ca. 40 vakter fordelt på årsbasis på helg, kveld, natt og høgtid.

Fitjar kommune tilbyr:

  • Opparbeidd liste
  • Flotte tilhøve for drifta med nytt kommunalt legesenter og kommunalt støttepersonell
  • Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.
  • Moglegheit til å velje næringsdrivande praksis med 8.2 avtale.
  • Godt samarbeid med den kommunale helseadministrasjonen.
  • Pensjons- og forsikringsordning i KLP for kommunalt tilsett lege.
  • Tilrettelegging for fagleg utdanning ved deltaking på relevante kurs.
  • Bistand med å finna bustad.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetting av fastlegeheimel skjer etter dei vilkåra som til ei kvar tid går fram av gjeldande lov- og avtaleverk (ASA 4130). Kommunen si tildeling av avtaleheimel er enkeltvedtak etter forvaltningslova § 2 første ledd bokstav b. Vedtak blir fatta av kommunen. Vilkår for overtaking må avtalast med kommunen dersom ein søkjer som næringsdrivande.

Løn etter avtale.

For meir informasjon om stillinga kan du ta kontakt med einingsleiar for legetenesta, Janett Sofie Svendsen (telefon 906 37 805), eller etatsjef for helse- og omsorg Anne Økland (telefon 909 86 971).

Den som vert tilsett må leggja fram politiattest.

Søknadsfrist: 09.01.2022

Søk
Drop files here browse files ...
Captcha

Relaterte Jobs

Fastlegeheimel med kommuneoverlegefunksjon
Rull til toppen

Ved å besøke nettstedet vårt, godtar du vilkårene for personvern.

Vi bruker informasjonskapsler

For å kunne tilby deg som besøkende en best mulig opplevelse. Les mer om våre tilnærminger til informasjonskapsler >

Din integritet

Vi følger alle retningslinjene i henhold til GDPR og tar personvernet ditt veldig alvorlig. Les mer om hvordan vi sikrer personvernet ditt >

Are you sure you want to delete this file?
/